![]() |
Viser arkivet for desember, 2011 | ||
På overtid har vi fått en ny debatt om EUs vikarbyrådirektiv. Etter at LO for lengst har behandlet direktivet og stilt sine krav, er det sterke krefter i fagbevegelsen som nå ivrer for at Norge bør bruke sin reservasjonsrett i EØS-avtalen for å hindre at direktivet gjøres gjeldende i Norge. Les innlegget til Tove Brandvik her
Les mer.
Like før julafreden senka seg, handsama me på Stortinget den såkalla petroleumsmeldinga. ”Ei næring for framtida” er ein veldig god tittel på denne meldinga, men viss eg kunne valgt, ville eg heller kalla ho for ”Velferdsmeldinga.” skriv Magne Rommetveit i dette innlegget.
Fordi det er nettopp dét denne meldinga så godt omtalar, nemleg korleis me kan utnytta naturressursane våre best mogleg for oss, og for dei som kjem etter oss, slik at fleire med oss kan ta del i og vidareutvikla det velferdssamfunnet me i dag er så stolte av.
For førti år sidan var Norge eit lite land i utkanten av Europa der folka her hadde det stort sett greit. Likevel har det skjedd ei fantastisk utvikling av det norske velferdssamfunnet på dei vel 40 åra me har hatt petroleumsaktiviteten, og i dag framstår Norge som eit rikt land i Europa og det landet, i følgje FN, som det er best å bu i.
Mykje av velferda vår må tilskrivest petroleumsaktiviteten opp gjennom desse åra, og då ikkje bare det faktum at olja og gassen vart funnen utanfor kysten vår. Endå viktigare har det vore at me har forvalta ressursane på ein klok måte som har vore til beste for heile samfunnet.
Eit av suksesskriteria for den norske petroleumsnæringa, og for heile den maritime næringa vår for den del, er at me er sterke i heile verdikjeda. Og heile landet er involvert i dette, med meir enn 200 000 menneske som er knytta til industrien. Bare i Oslo og Akershus er det
12 000 som jobbar i næringa.
I mitt heimfylke, Hordaland, reknar me at om lag 20 000 har sitt daglege arbeid, med kompetanse i verdsklasse, knytta til utforsking, leiteverksemd, fabrikasjon, drift og vedlikehald, og ikkje minst med forsking, utvikling og utdanning.
Me har her med ei næring å gjera som langt på veg er global. For at me også i framtida skal kunna vera verdsleiande som komplett petroleumsnasjon, er det overmåte viktig at at me sikrar heile verdikjeda med kontraktsformer som fremjar norsk industrivekst og med auka satsing på utdanning i alle ledd. Kontinuerleg teknologiutvikling er heilt naudsynt, mellom anna for å sikra auka utvinning frå norske olje- og gassfelt.
Jonas Gahr Støre, Trond Giske og Hadia Tajik er utnevnt til ledere for hver sin gruppe under programkomiteen. Gruppene representerer hovedretningene i det politiske arbeidet fram mot 2013. Fra Hordaland er Jette Christensen medlem i gruppen for ”Samhold og tillit” og Tove Brandvik er medlem i gruppen for ”Velferdssamfunnet”. Les mer her.